published | layout | title | abstract | author_twitter | author | categories | |
---|---|---|---|---|---|---|---|
true |
article |
Appen er den nye guideboka ....og du kan vera med å skriva ho |
Presentasjon på Fjellsportfestivalen 22.02.2013 om appar og turistinformasjon og guidebøker. |
dittaeva |
Guttorm Flatabø |
|
Guttorm Flatabø, reiseliv og IT ved Vestlandsforsking her i Sogndal.
At appane og internett «tek over» er nok ei kjend sak, men eg vil også seie noko om fordelane med samarbeidsprosjekt, Creative Commons, og opne data for deling og «skriving» av «guide-appane».
Undersøkingar viser at internett og appar tek over for guidebøkene (litt slik som ebøker/appar sakte men sikkert tek over for papirbøker). Ved Sognefjorden har me sjølve gjort undersøkingar som visar det same (41 % bestemte seg for å reise til Sognefjorden med bakgrunn i informasjon frå internett).
- Ubegrensa mengd informasjon
- Veit kvar du er
- Deling
- Integrert kommunikasjon (tlf., e-post, etc.)
- Fjellsportfestivalen! iPhone <> Android
- ut.no iPhone <> Android
- Lommekjent iPhone
- Turkompisen iPhone <> Android
- GodTur iPhone <> Android
- Turapp (Valdres) iPhone
(+ alle vintersport-appane som eg ikkje har oversikt over)
(I tillegg er finst det mange meir generelle appar, og navigerings- og kartappar).
- Wikipedia iPhone <> Android
- Tripadvisor iPhone <> Android
- EveryTrail iPhone <> Android ... og mange, mange fleire
Ikkje det same kvar du deler:
- På Twitter, Facebook, Instagram, etc. blir du med i «straumen», men innhaldet forsvinn i mengda og kan berre brukast på selskapet/tenesta sine vilkår.
- På Flickr, Vimeo, Panoramio, m.fl. kan du velje å dele med Creative Commons-lisens. På lommekjent er delinga del av vilkåra.
- På Wikipedia, Wikivoyage og OpenStreetMap arbeider heile brukarsamfunnet saman om noko som kan brukast vidare (f.eks. av Google, Dagbladet, AskAdam, og mange tusen andre).
- Opne data gjer det mogleg å bruke data utover den eine staden det vart lasta opp
- Creative Commons-lisensar gjer det mogleg å bruke innhald (tekst, bilete, video) utover den eine staden det vart lasta opp.
- Med Opne data og fritt innhald (Creative Commons) kan tenestene konkurrere på å vere best i staden for å konkurrere på å ha mest innhald / flest brukarar.
- Dei fleste tenester brukar andre sine tenester/data.
Innhaldet er lisensiert med Creative Commons Navngivelse-lisensen.